lørdag 17. september 2011

den eine gongen


eg har òg ein draum
sukkar ekkoet

om ein gong

berre den eine
gongen

å få ropa

først



(rbmars2010)

fredag 16. september 2011

Elvefar



Legg meg ned

ved sida av elva

i vona om

at det nye faret

vil gå gjennom

meg



(rbjuni2011)

Best på avstand


Eg trør ut på ei stor flytetorve

som ligg inntil breidda ved vatnet

nedom husa. Ho ber meg godt.

Kraftige, hòle røter

av grovt gras gjev god flyteevne.

Midt på torva veks ei lita bjørk.

Lagnaden har sleppt eit frø nett her.


Eg set meg ned ved bjørka og sparkar ifrå.

Torva sig sakte, duvande og lydlaust

utover spegelblank vassflate.

Mjuke, usynlege straumar frå elveosen

fører oss vidare utover vatnet.


Me seier ingenting, korkje treet eller eg,

berre ser opp mot husa og bjørkelia

og tenkjer nok det same;

- stundom er livet best på avstand.


(rb sept2011)

Best slik



- Det kjennest best slik,

seier grana,

der ho svaiar sakte

frå side til side i vinden.

- Lyt no freista du òg,

susar ho lunt til meg.


Med attlatne augo,

svaiande sakte

frå side til side,

kjenner eg det

- eg òg.


(rbsept2011)

Utekafé i Åsane.



Eg er redd for å døy her åleine. Difor eg sit her på utekafé. I Åsane. Er redd for å døy her åleine. Framom meg står ein Harley. Svart og krom. Blank og skinande. Kaffien smakar piss. Elendig maskinkaffi i pappkrus. Sit her på utekafé. Og ser. Ein Harley. Folk. Bilar. Kjølig her eg sit. I skuggen. Stolen ved sida av er varm. Sola skin på han. Burde flytta meg over dit. Varmare der. Sol. Blå himmel. I Åsane. Redd for å døy her åleine. Difor sit eg her. I skuggen som er kjølig. På utekafé. Burde flytta meg over på stolen ved sida av, han er tom, og varm, men får vel sitja her i skuggen, folk kan sjå meg om eg brått reiser meg og flyttar over på den varme stolen, vil ikkje det, får venta til sola kjem over på min stol, sakte, umerkeleg, då legg dei ikkje merke til meg, best slik, å venta til sola kjem hit. Kaffien smakar piss, elendig maskinkaffi, byrjar verta kald i tillegg, men røyken er god, Kent, det er difor eg sit her på utekafé, for å drikka piss og røykja Kent, og sjå, på folk, på harleyen. Sit her i skuggen av di eg er redd for å døy her åleine.

Ei jente kjem og set seg ned ved bordet bortanfor. Ho er fin. Kjole. Lett sommarkjole, kvit, med nokre gule og lyseblå blomar på. Ho set seg på ein solvarma stol. Ho høyrer heime der i sola, i varmen. Eg høyrer heime her, i skuggen, i det kjølige. Eg er redd for å døy her åleine. Difor ser eg på den fine jenta. Ho som har kjole på, ein fin og lett sommarkjole med blomar. I sola. På stolen, der ho høyrer heime. Brune legger og lår. Dei er fine og glinsar mest. Lik harleyen bortanfor. Kaffien smakar piss, men røyken er god, jenta er god der ho sit og glinsar rett framom meg. Eg kan mest kjenna lukta av henne, ei god lukt, ei varm lukt, ei slik lukt som kryp inn i ein, inn gjennom nasa, renn nedover i halsen, vidare nedover, i brystet, magen, der ho vert til eit vatn, ein sjø av jentelukt som bølgjer rundt om i heile kroppen.

Ho les i ei bok. Sikkert ei god bok. Ei varm og gul og god bok. Passar til henne. Eg sit i skuggen og drikk piss og røykjer Kent og kjenner lukta. Ho tenkjer nok på noko fint der ho sit å glinsar i brune lår i sola på stolen der ho høyrer heime. Ho ser på meg. Berre ein tidel. Eg røykjer. I skuggen. No tenkjer ho at det sit ein fyr i skuggen og røykjer og tenkjer tankar om henne. Ho er nok vand med det. At folk tenkjer tankar om henne, brune og glinsande tankar, og luktar henne. Ho tenkjer nok at eg er ein gamal fyr som plar tenkja slike tankar om slike som henne. Ho tenkjer at han får berre tenkja slike tankar, det bryr ikkje henne, ho er vand med det, og at slike som eg sit og luktar henne, at slike som eg tenkjer slike tankar om slike som henne , medan dei sit og røykjer og drikk kald piss på utekafé i Åsane. Eg er redd for å døy her åleine. Det er difor eg tenkjer brune og glinsande tankar om henne og kjenner lukta av henne i den varme solstolen.

Ho ler brått. Eller, ho kvitrar, det er det ho gjer, ho kvitrar som ei svale der ho fyk elegant gjennom lufta i jakta på små flygande kryp. Ho ser det same som eg, jenta, ein liten unge, ein gutunge riv så hardt i mora at ho fell overende. Den glinsande brune jenta kvitrar og smilar. Ho tenkjer at ho kan kjenna tankane mine som kravlar og krafsar på dei glinsande og brune låra hennar og at bølgjene skyl rundt i meg. Undrar om dei ser det, jenta, mora og gutungen, at eg sit her i skuggen og røykjer og drikk kald piss på utekafé i Åsane og tenkjer brune, glinsande tankar om jentelår medan lukta bølgjer i heile kroppen. Eg gjer det av di eg er redd for å døy her åleine. Jenta kvitrar.


(rbsept2011)

Ver så god.


- Ver så god.

Dei tre orda. Tre enkle, små ord. Dei stadfestar. Ein treng det. Treng høyra desse orda stundom. For å stadfesta. At ein er. Ikkje alltid ein veit det sjølv. At ein er. Men på ein kafé får ein det. Der vert det stadfesta, at ein er, at ein ikkje berre drøymer, at ein ikkje er annan stad, at ein er her, nett her, nett no, på denne kaféen. Mennesket bak disken stadfestar, med eit tankelaust smil og dei tre små orda; - ver så god. Eg sukkar letta, kjennest godt, for stundom er ein ikkje sikker på det, at ein er der ein er, nett der og då, stundom er ein verkeleg ikkje der ein er, eller der ein trur ein er, ein trur somme tider at ein er annan stad, i anna tid, jamvel at ein ikkje er nokon stad i det heile, ja, eller i noko tid.

Difor smilar eg til henne. Mennesket bak disken. Som utan kjensler stadfestar meg, med tre små ord. Eg veit det sikkert, at det er meg ho stadfestar, heilt utan kjensler, med eit tankelaust smil, av di eg er den einaste kunden i kaféen nett no. Kjem hit ofte. Mest kvar dag, eller morgon, når dei opnar. Best å koma då. Tidleg. Treng då. Om morgonen. Etter natta. Ein treng oftast mest då, om morgonen, etter natta, slik er det. Det er då, når ein vaknar, at ein ikkje kan vera sikker på at ein vaknar. Difor skundar ein seg til kaféen. For å verta stadfesta av tre enkle, små ord.

Eg seier at eg vil ha eit halvt rundstykke med egg, ei saltbøsse og ein kopp med varm sjokolade. Eg kunne bede om eit glas med vatn. Men vatn er så nøytralt, smaklaust, då særleg det vatnet som plar stå i plastmugger på disken, slike du fyller frå sjølv, av di ho bak disken sikkert har så mykje anna å gjera enn å fylla vatn i eit glas frå springen. - Det får då vera måte på, meiner nok ho med det tankelause smilet og orda ”ver så god”, ein kan då ikkje bruka heile tida si her på kaféen på han som er den einaste kunden nett no, men det er ikkje alltid slik, stundom er det mykje kundar her, då særleg gamle, einsame sjeler som sit og ser, på ikkje noko, tomme augo med mykje bak blikka, om det som var. Den gongen. Men dei kjem etter klokka tolv.

Det kunne vore vatn eg skulle ha, men det er så nøytralt, så smaklaust. Stadfestar ikkje. Ein treng noko anna då, noko som stadfestar, noko søtt, noko varmt, noko som kitlar når ein tek det i munnen, kitlar liksom bak, på sidene i munnen, sender varme strålar ned gjennom magen og kitlar i lysken, og som kjennest godt når det renn nedover i halsen. Difor seier eg til ho med det tankelause smilet og orda, at eg vil ha eit halvt rundstykke med egg, ei saltbøsse og ein kopp med varm sjokolade. Det er difor eg sit her no og et og drikk. Eg kjenner smaken, det søte, det salte. Og varmen, eg kjenner varmen frå sjokoladen og dei tre små orda. Det er morgon. Tidleg morgon. Etter natta. Eg kjenner. Eg er. I dag òg.

(rbsept2011)

lørdag 10. september 2011

Ein vals

Ein haustdag. Ettermiddag. På sørsida av skytja. Står ein stor apal der. Epla er hausta inn. Lauva ligg på marka. Berre nokre få lauv heng att etter den sterke vinden i går. Dei vil ikkje sleppa taket. Stille. Ikkje ein vindpust. Ikkje lyden av piskande regn frå sørvest. Stille. Ikkje lyd av fuglar. Apalen. Skytja. Den klare og kalde hausthimmelen. Tida. Alt er stille.

Bakken er dekka med lauv frå apalen. Eit teppe i oransjetonar dekkjer graset. Nede frå vatnet kjem skodda sigande oppover. Det byrjar rima på lauvteppet. Den gamle og lute bøyer seg ned og tek opp riva som ligg framføre han. Vil ikkje raka no. Vil ikkje draga teppet av marka. Dette varme, oransje teppet. Dei søv under der. Småkrypa. Graset. Jorda. Jorda søv no. Ho skal få kvila. Ho treng det. Kvila. Under teppet. Handa hans rotar litt i lauva. Som for å glatta ut teppet. Han gjer det stille og forsiktig. Som for ikkje å vekkja henne. Jorda. Ho søv. Stille.


Medan han sit der på huk er det som om han høyrer noko. Ein lyd. Han held pusten. Lyden. Så svak. Men han er der. Stille att. Heilt stille. Den gamle sukkar tungt og reiser seg opp. Han høyrer dårleg. Det veit han. Øyro er ikkje det dei ein gong var. Den gongen. Før. Då han kunne høyre den svakaste lyd ute i skogen. Lyden av ein liten kvist som knakk. Lyden av hjort. Han tek eit steg. Lyden. Der var han att. Ord. Eit ord. Om att og om att. Svakt. Veldig svakt. Men dei er der. Han høyrer det. Den gamle snur seg mot skytja. Han stirar mot sørveggen. Som for å høyra betre med augo. Hovudet litt på skakke. Først til eine sida, så til andre. Han veit at det ikkje er nokon der inne. I skytja. Han er åleine. Heilt åleine. Har vore åleine i mange år. Heilt sidan den gongen. Dei var to den gongen. No er han åleine. Ofte kan han høyre stemma. Hennar stemme. Særskild om kveldane og natta. Saknet er tyngst om kveldane. Om natta. Han ligg ofte vaken. Ventar på henne. På stemma. Han får ikkje sova før ho har snakka til han.


Men dette er ikkje stemma. Ikkje hennar stemme. Det er noko anna. Noko som… syng. Nokon syng. Ord. Eit ord. Han tek nokre forsiktige steg nærare skytja. ” Sviv”. Han høyrer ordet no. -Sviv, sviv, sviv, syng det. Den gamle stivnar litt til. Eit steg nærare . Høyrer betre no. ”- Sviv, sviv, sviv, syng det. Men ikkje inne frå skytja. Det er utanfor. Han ser nedetter veggen. Forbi vindauga med den knuste ruta. Den han sjølv knuste ein gong. Første kvelden etter henne gjorde han det. Han hugsar det. Han knuste ruta. Med handa si. Songen vert sterkare. Blikket hans sig nedover mot grunnmuren. Der står han. Steinen. Slipesteinen. Lent oppetter steinane i grunnmuren på skytja. Rett framføre han. Slipesteinen. Han står der og… syng. Den gamle tek siste steget fram mot slipesteinen. Med riva til støtte sig han ned på kne. Framom steinen. Han høyrer orda i songen no. Høyrer dei godt.


-gjer eg

rett eller

gale

rett eller

gale

undrar eg her eg

sviv og

sviv og

sviv


Den gamle byrjar svinga med hovudet. Rundt og rundt. Som i ein vals. Han syng litt inni seg. Så kviskrar han orda saman med slipesteinen. – gjer eg rett, eller gale… Snart syng han sterkare. Svingar høgre handa si i takt med songen. Med valsen. Med slipesteinen. Rundt og rundt og rundt syng dei to. Sterkare, kraftigare. Dei syng, syng, syng og dansar, dansar. Sjølv apalen syng og dansar valsen no. Apalen svingar seg slik at dei siste oransje lauva mister taket. Dei dansar i valsetakt ned gjennom haustlufta. Dei syng òg på vegen no. Under teppet bølgjer jorda seg i valsen òg. Frå der under teppet stig songen opp. Varme. Varm song frå jorda virvlar opp lauva. Det oransje teppet syng med. Den gamle er ikkje lut lenger. Han kastar frå seg riva og svingar seg rundt og rundt på lauvteppet. Han syng -rett eller gale, rett eller gale…her eg sviv og sviv og sviv. Den gamle skytja rettar opp dei skakke veggane sine med ivrige knirk. Og mønet vert rakt som om det var eit staseleg nybygg. Ho dansar med i valsen. Syng og dansar. Rundt og rundt valsar alle. Sjølv fuglane syng og dansar saman med mannen, slipesteinen, apalen, teppet, skytja og jorda no. Ja sjølv tida har vakna til liv. Ho dansar med i høglydt glede. Opp ber det. Lauvteppet ber mannen opp og opp, rundt og rundt gjennom varm oransje haustluft. –sviv og sviv og sviv ,rungar det gjennom lufta. Tårene renn nedover andletet hans. Tårer av glede. Av lukke. Kroppen er slett ikkje gamal og stiv. Han svingar seg meir og meir i den ville valsen. Akkurat slik han gjorde den gongen. Då han var ung. Då han høyrde kvistar knekke. Då han såg. Han høyrer, ser, dansar og syng på lauvteppet som tek han høgare og høgare opp i valsetakt. –dans med meg, dans med meg. Bølgjer av varm lukke strålar gjennom han når ho står der framfor han i den vakre kvite sommarkjolen sin. –dans med meg, syng med meg, me sviv og sviv og sviv, syng ho. Stemma hennar. Den vakraste stemma. Hennar stemme. Ho. Ho dansar med han no. Ho syng og dansar med han. Tårene strøymer saman med songen og dansen. Opp, opp, opp. Dei sviv og sviv og sviv.


Stille. Alt er stille. Sjølv tida er stille på sørsida av skytja. Eit mjukt, varmt oransjefarga teppe ligg over jorda. Held henne varm der ho kviler. Ho treng det. Ho treng å kvila. Det er natt no. Haustnatt.


(rbnov 2010/sep11)