torsdag 16. februar 2012
Vatnet
Det er natt no, over vatnet.
Berre eit stille sus frå mørke skogar.
Toppane på grantrea i veståsen
teiknar spir, som på ein katedral,
mot blåsvart himmelrand.
Vatnet søv no,
med ei tynn og lett dyne
av ørsmå skoddedropar over seg.
Høgst oppe på ein djuplilla himmel
freistar halvmånen, som best han kan,
å mala vasspegelen med sølvpenselen sin.
Eit kor av blenkjande stjerner blinkar med augo,
mest som dei tek mål
av kunstverket hans der nede på lerretet.
Frå mørk skog lèt såre ul.
Det er bergulven. Han gret.
Han får eit svar frå vatnet.
Eit svak og sårt lite ’-kveek’, kan høyrast frå under skoddedyna.
Det er andriken som mest kviskrar ’-kvar eer du?’
Så stilla. Bergulven teier.
’-Kvar er du, kvar er du?’,
lyder det sårt og svakt, men underleg nært.
’-Kvar er du, kvar er du?’
lèt det sårt inni meg.
(rjh-feb2012)
onsdag 8. februar 2012
Smaken av Underet
kjende eg han,
smaken
av Underet.
Han smaka
som ein sukkebit,
dyppa i varm kaffi
nede på kafèen
ved Spar, Jølstraholmen.
(rjh feb 2012)
tirsdag 7. februar 2012
Først i dag forstod eg
mandag 30. januar 2012
Samtale i skogbrynet
i han,
mor og skyene.
onsdag 25. januar 2012
Fjella kjem nærare no
Fjella kjem nærare no.
No, når han bles.
Sansar fleire tusen år gamal ange frå breane i aust.
Denne blåkvite angen. Angen frå før. Frå då eg òg var.
Angen kjem med vinden frå aust.
Han skyt seg gjennom eit lite lag av ny,mjuk snjo,
angen, og opp i vinden, i austavinden,
fèr nedetter mjuke, bratte bjørkelier
og utover Jølstravatnet.
Eg ser han, angen, på raske bølgjer,
kan høyra han òg, han ropar barnleg
i kvite bølgjertoppar over nyvunnen fridom,
mot nett her, mot nett meg, mot nett mi nase fèr han.
Fjella, dei som var, er, og alltid vil vera,
slik eg òg var,
kjem nærare no,
når han bles slik, frå aust.
(rjh.jan.2012)
tirsdag 24. januar 2012
Plastperler på trådar
- Må du sitja i den stolen?
Ho tenkjer det, eg veit det, ho tenkjer ofte slik, det veit eg- du sit alltid der, i den hersnes stolen, tenkjer ho.
Stolen, han er grøn. Ulike grønfargar. Med nokre tynne lysebrune striper nedetter.
– Skulle ha ordna taket snart, det lek verre enn nokon gong ved skorsteinen, tenkjer han, han tenkjer mindre enn henne, men stundom tenkjer han, slike tankar som er harde, lik steinar, ikkje alle steinar, men nokre, dei som er harde, nokre er mjuke, det veit eg.
Stolen er mjuk. Gamal. Og slitt. Eldre enn han som sit i han og tenkjer. Stolen kom i hus ein gong før han var fødd. – Det regnar, seier ho som sit på ein kjøkenstol ved kjøkenbordet. Ho sit ofte der. Det veit eg, for det ser eg ofte når eg sit på krakken ved vindauga når det er mørkt ute og lyst inne, då sit eg ofte der, på krakken ved vindauga og ser ut i det inne som er som ein film der ute, på andre sida av vindauga. Det er best lys der. På kjøkenet, under taklampene. Lysrøyr. Det eine røyret blinkar. Det har det gjort lenge. Så lenge eg kan hugsa har det blinka. Så lenge ho kan hugsa har det blinka. Det veit eg.
Ho sa det ein gong med sintestemma si til han som sat i den grøne stolen. Ho likar ikkje den stolen. Stundom flyttar ho han når han som plar sitja i han er ute og arbeider med noko, stein, buskar eller noko med traktoren. Men brått er han attende på staden sin, stolen, nett utanfor opninga til kjøkenet, i stova, då ser ho han frå kjøkenstolen der ho sit under blinkande lysrøyr. Stundom blinkar det i ein rytme. Mest som ein song. Ho likar det. Song. Ho syng ofte. Inni seg. – Mm, seier han, i stolen som har høg rygg med nakkepute påsydd. Han er òg grøn, med brune striper nedetter seg.Det veit eg.
Stundom seier han ting. Då oftast korte ting. - Det er noko eg lyt seia no, tenkjer han medan han kjenner at han burde sei tinga oftare. Ho sit ved kjøkenbordet og trer nokre plastperler inn på trådar. Best det, å sitja ved kjøkenbordet og syngja inni seg etter rytmen frå røyret når ein skal tre plastperler på trådar. Nedst har ho tjukke tøflar på seg. Dei er av mjukt skinn av noko slag . Grå. Det er kaldt på golvet. – Ikkje gjer det, tenkjer ho, -ikkje gjer det, ikkje gjer det!
Han faldar saman den vetle lommekniven. Svart plast på utsida, og to knivblad. Eit lite og eit større. Det store brukar han til litt større oppgåver utomhus. Når han skal skjera over eit tau eller liknande. Det vesle bladet nyttar han inne. I stolen. Som neglerensar, og stundom i øyro. – Åh, stønnar han når han reiser seg frå stolen. – Faen!, tenkjer ho. Det er kaldt på kjøkengolvet, men ho ensar ikkje det. – Hmmm, seier han, -seks grader. Han står på andre sida av kjøkenbordet, rett under lampa som blinkar og syng inni henne. Men no syng ho ikkje meir.
– Erter, kjøt og flesk, seier ho.Det veit eg.
(rjh.2011)
mandag 23. januar 2012
Vindlause bårer
Vindlause bårer
sukkar inn over stranda
Dei ber bod frå restar av
stormar der ute i endeløysa
som er svart
som er blå
som er lilla
som er rosa
Dei kjælar og kviskrar
med dulde motiv
mot gråkvite, runde
steinar og sand
mot steinar og sand
og mot den gamle
på kne der i sanden
Einsam og naken
strekkjer han hender
mot blårosa himlar der oppe
Hender fylte
med steinar og sand
med steinar og sand
Djupe far etter føter
ligg framom den gamle
Spor han lyt setja når går
mot lysande blåkvite måsen
som speidar frå steinen
lengst borte og skrik
mot eit lerret
farga i svart
som er blått
som er lilla
som er rosa
Vindlause bårer kviskrar og lokkar
Dei mel den gamle og nakne kjærleg
til mjuke, gråkvite, runde
steinar og sand
til steinar og sand
Lysande, lydlause, blåkvite venger
vert slukte av sugande lerret
Berre djupe far
etter føter står att
meisla i stein
og
pressa i sand
(© rjh 2010)