mandag 11. juli 2011

Vinden (fragment av "Lilla", noko større eg jobbar med)

Langebrød. Det er brødet me et her i gamlehuset. To tjukke skiver ligg på asjetten framføre meg. Talglyset er tend. Eg sit ovanfor bestefar. Bestemor sit ved bordenden. Bestefar drikk kaffi med mjølk i. Mest halvt om halvt. Han fyller koppen halvt med kaffi først, resten med mjølk, så tømmer han litt på tefatet og slurpar det i seg derifrå. Me smør eit lag med bondesmør på skivene våre, alle tre, og sirup oppå der att. Bestefar og eg brettar skiva og dyppar henne i koppane før me et. I min kopp er det mest mjølk. Men ein liten skvett kaffi er det òg oppi der. – Du er vaksen no. Eg er tolv år. Då lyt ein ha ein skvett kaffi i kroppen. Bestemor er kvit i håret. Brillene hennar ligg på det vesle lesebordet ved gyngestolen inne i stova. Ho nyttar berre brillene når ho sit i gyngestolen og mumlar noko svart frå ei lita bok, ei salmebok, eller når ho les i avisa, eller kyrkjelydsbladet, eller i eit vekeblad, der inne i gyngestolen sin. Lilla klump. Bilete. Det kjem stundom. Kjem frå der borte. I nyehuset. Like ved. Det ligg berre nokre meter frå gamlehuset. Nyehuset er større enn gamlehuset. Har svart, fint tak på, nyehuset, medan det gamlehuset har gras på, eller torv, som det heiter. I nyehuset et me anna brød. Grove brød. Med ulike ting inni. Nokre har solsikkefrø i seg. Det er slike frø eg plar mata fuglane med. Mest alle fuglar et det. Matar dei heile året. Ikkje berre om vintrane. Det er mange som gjer berre det. Matar fuglane om vintrane. Med det same snøen er borte, sluttar dei å mata. Men fuglar finn ikkje mykje mat då. Og sidan dei er vande med å får mat så lyt ein fortsetja med det utover våren og sommaren. Og når ein har mata dei heile sommaren, så lyt ein mata dei om hausten òg. Og brått er det vinter att. Eg likar best langebrød. Med bondesmør og sirup på. Dyppa i mjølk med ein liten skvett kaffi i.

Han kjem no. Bestefar har opna kjøkenvindauga og snusar inn utelufta. – Han kjem no, gjentek han og ser på meg. Bestemor ser på han. –Må du?, seier augo hennar til han. Lilla klump. Kjenner han. Lyt sei takk for maten no. Lyt ut no. Han kjem no. Bestefar seier det. Og då kjem han. Lyt ut no. Han kjem. Med sørvesten. –Takk for maten, seier eg til bestemor. Ho ser på meg. Utan briller. Dei ligg inne på det vesle lesebordet inne ved gyngestolen i stova. Men ho ser meg utan dei på nasen. Ho har alltid sett meg. Sett på meg. Med eit blikk. Slik eit blikk som ein lyt gøyma seg frå stundom. Lyt ut no. Han kjem no. Med sørvesten. Eg er berrføtt. Er ofte det om somrane. Best det. Berrføtt. Det er sommar no. Eg spring ut i gongen. Trakkar ned i bestefar sine gummisko. Lyt skunda meg. Han kjem no. Lyt nå han. Lilla klump. I magen. Kjenner han. Han byrjar røre på seg der nede. Lyt skunda meg. Nå han. Han kjem med sørvesten. Bestefar veit det. Han såg på meg. Med blikket. Det blikket som skjønar. Han bit no. Og klorar. Nede i magen. Klumpen. Han er lilla. Kan kjenna stikka frå klørne, frå tennene. Lyt skunda meg. Springa opp. Med gummisko på. Oppetter vegen frå huset. Frå gamlehuset. Opp. Fort. I gummisko. Lilla klump. Det er vondt der nede. Han bit. Klorar. Tenner og klør. Inni. Meg. I magen. Springa. Opp. Fort. Gummisko. Kryssa hovudvegen. Av grus. Grusveg. Tre rander lausgrus. Ei på kvar side og ei i midten. Gummisko. Har berre ein. Mista den andre. Springa. Fort, fort, opp, opp. Ut på graset. Ein sko. Han bit og klorar. Pusten. Eg pustar. Spring. Forbi løa. Opp. Opp der. På haugen. Lyt nå han. Han kjem no. Med sørvesten. Vatn. Utanpå. Klør og tenner inni. Det regnar. Han kjem. Med sørvesten, med regnet. Det gode regnet. Vatnet utanpå. Haugen. Ein sko. På kne. På haugen no. Klumpen klorar og bit. Lilla kloring og biting. På kne. Regn. Godt. Og vind. Han er komen. Med sørvesten. Vinden. Klumpen vrengjer alt inni. Han bit. Klorar. Vrengjer. Alt. Regnet regnar og vinden bles. Det skrik der nede. I magen. Skrik og klorar. Ein sko. På kne i graset. Vått. Alt er vått. Utanpå og inni. Det renn og bles, klorar og vrengjer. Lilla . Bort. Bort med det. Lyt ha det bort. Skrika. Lyt det. Skrika. Men det bit seg fast. Det vonde lilla skriket bit og klorar seg fast. Vil ikkje bort. Vil vera der inne. I meg. Skrika.

Smaken av sirup og bondesmør. Og litt av mjølk med ein skvett kaffi i. Kjenner den smaken. I munnen no. Eg er våt. Kliss våt av regn. Av godt regn. Det bles friskt frå sørvest. Godt. Vinden og regnet skyl bort det vonde. Framføre meg ligg spyet. Klørne og tennene slepp taket. Kan sjå den brunkvite mjølka saman med nokre klumpar av langebrødskiva med bondesmør og sirup på. Det ser mest gult ut. Men ikkje slik gult som logen. Han som kastar den dansande vegen frå under bordet og til logen over katten sine augo. Skriket kom ikkje. Berre væske. Tårer, spy og spytt. – Du er vaksen no. Dei seier det. Skogen. Bestefar. Eg er tolv år.