fredag 16. september 2011

Utekafé i Åsane.



Eg er redd for å døy her åleine. Difor eg sit her på utekafé. I Åsane. Er redd for å døy her åleine. Framom meg står ein Harley. Svart og krom. Blank og skinande. Kaffien smakar piss. Elendig maskinkaffi i pappkrus. Sit her på utekafé. Og ser. Ein Harley. Folk. Bilar. Kjølig her eg sit. I skuggen. Stolen ved sida av er varm. Sola skin på han. Burde flytta meg over dit. Varmare der. Sol. Blå himmel. I Åsane. Redd for å døy her åleine. Difor sit eg her. I skuggen som er kjølig. På utekafé. Burde flytta meg over på stolen ved sida av, han er tom, og varm, men får vel sitja her i skuggen, folk kan sjå meg om eg brått reiser meg og flyttar over på den varme stolen, vil ikkje det, får venta til sola kjem over på min stol, sakte, umerkeleg, då legg dei ikkje merke til meg, best slik, å venta til sola kjem hit. Kaffien smakar piss, elendig maskinkaffi, byrjar verta kald i tillegg, men røyken er god, Kent, det er difor eg sit her på utekafé, for å drikka piss og røykja Kent, og sjå, på folk, på harleyen. Sit her i skuggen av di eg er redd for å døy her åleine.

Ei jente kjem og set seg ned ved bordet bortanfor. Ho er fin. Kjole. Lett sommarkjole, kvit, med nokre gule og lyseblå blomar på. Ho set seg på ein solvarma stol. Ho høyrer heime der i sola, i varmen. Eg høyrer heime her, i skuggen, i det kjølige. Eg er redd for å døy her åleine. Difor ser eg på den fine jenta. Ho som har kjole på, ein fin og lett sommarkjole med blomar. I sola. På stolen, der ho høyrer heime. Brune legger og lår. Dei er fine og glinsar mest. Lik harleyen bortanfor. Kaffien smakar piss, men røyken er god, jenta er god der ho sit og glinsar rett framom meg. Eg kan mest kjenna lukta av henne, ei god lukt, ei varm lukt, ei slik lukt som kryp inn i ein, inn gjennom nasa, renn nedover i halsen, vidare nedover, i brystet, magen, der ho vert til eit vatn, ein sjø av jentelukt som bølgjer rundt om i heile kroppen.

Ho les i ei bok. Sikkert ei god bok. Ei varm og gul og god bok. Passar til henne. Eg sit i skuggen og drikk piss og røykjer Kent og kjenner lukta. Ho tenkjer nok på noko fint der ho sit å glinsar i brune lår i sola på stolen der ho høyrer heime. Ho ser på meg. Berre ein tidel. Eg røykjer. I skuggen. No tenkjer ho at det sit ein fyr i skuggen og røykjer og tenkjer tankar om henne. Ho er nok vand med det. At folk tenkjer tankar om henne, brune og glinsande tankar, og luktar henne. Ho tenkjer nok at eg er ein gamal fyr som plar tenkja slike tankar om slike som henne. Ho tenkjer at han får berre tenkja slike tankar, det bryr ikkje henne, ho er vand med det, og at slike som eg sit og luktar henne, at slike som eg tenkjer slike tankar om slike som henne , medan dei sit og røykjer og drikk kald piss på utekafé i Åsane. Eg er redd for å døy her åleine. Det er difor eg tenkjer brune og glinsande tankar om henne og kjenner lukta av henne i den varme solstolen.

Ho ler brått. Eller, ho kvitrar, det er det ho gjer, ho kvitrar som ei svale der ho fyk elegant gjennom lufta i jakta på små flygande kryp. Ho ser det same som eg, jenta, ein liten unge, ein gutunge riv så hardt i mora at ho fell overende. Den glinsande brune jenta kvitrar og smilar. Ho tenkjer at ho kan kjenna tankane mine som kravlar og krafsar på dei glinsande og brune låra hennar og at bølgjene skyl rundt i meg. Undrar om dei ser det, jenta, mora og gutungen, at eg sit her i skuggen og røykjer og drikk kald piss på utekafé i Åsane og tenkjer brune, glinsande tankar om jentelår medan lukta bølgjer i heile kroppen. Eg gjer det av di eg er redd for å døy her åleine. Jenta kvitrar.


(rbsept2011)

2 kommentarer: