fredag 16. september 2011

Ver så god.


- Ver så god.

Dei tre orda. Tre enkle, små ord. Dei stadfestar. Ein treng det. Treng høyra desse orda stundom. For å stadfesta. At ein er. Ikkje alltid ein veit det sjølv. At ein er. Men på ein kafé får ein det. Der vert det stadfesta, at ein er, at ein ikkje berre drøymer, at ein ikkje er annan stad, at ein er her, nett her, nett no, på denne kaféen. Mennesket bak disken stadfestar, med eit tankelaust smil og dei tre små orda; - ver så god. Eg sukkar letta, kjennest godt, for stundom er ein ikkje sikker på det, at ein er der ein er, nett der og då, stundom er ein verkeleg ikkje der ein er, eller der ein trur ein er, ein trur somme tider at ein er annan stad, i anna tid, jamvel at ein ikkje er nokon stad i det heile, ja, eller i noko tid.

Difor smilar eg til henne. Mennesket bak disken. Som utan kjensler stadfestar meg, med tre små ord. Eg veit det sikkert, at det er meg ho stadfestar, heilt utan kjensler, med eit tankelaust smil, av di eg er den einaste kunden i kaféen nett no. Kjem hit ofte. Mest kvar dag, eller morgon, når dei opnar. Best å koma då. Tidleg. Treng då. Om morgonen. Etter natta. Ein treng oftast mest då, om morgonen, etter natta, slik er det. Det er då, når ein vaknar, at ein ikkje kan vera sikker på at ein vaknar. Difor skundar ein seg til kaféen. For å verta stadfesta av tre enkle, små ord.

Eg seier at eg vil ha eit halvt rundstykke med egg, ei saltbøsse og ein kopp med varm sjokolade. Eg kunne bede om eit glas med vatn. Men vatn er så nøytralt, smaklaust, då særleg det vatnet som plar stå i plastmugger på disken, slike du fyller frå sjølv, av di ho bak disken sikkert har så mykje anna å gjera enn å fylla vatn i eit glas frå springen. - Det får då vera måte på, meiner nok ho med det tankelause smilet og orda ”ver så god”, ein kan då ikkje bruka heile tida si her på kaféen på han som er den einaste kunden nett no, men det er ikkje alltid slik, stundom er det mykje kundar her, då særleg gamle, einsame sjeler som sit og ser, på ikkje noko, tomme augo med mykje bak blikka, om det som var. Den gongen. Men dei kjem etter klokka tolv.

Det kunne vore vatn eg skulle ha, men det er så nøytralt, så smaklaust. Stadfestar ikkje. Ein treng noko anna då, noko som stadfestar, noko søtt, noko varmt, noko som kitlar når ein tek det i munnen, kitlar liksom bak, på sidene i munnen, sender varme strålar ned gjennom magen og kitlar i lysken, og som kjennest godt når det renn nedover i halsen. Difor seier eg til ho med det tankelause smilet og orda, at eg vil ha eit halvt rundstykke med egg, ei saltbøsse og ein kopp med varm sjokolade. Det er difor eg sit her no og et og drikk. Eg kjenner smaken, det søte, det salte. Og varmen, eg kjenner varmen frå sjokoladen og dei tre små orda. Det er morgon. Tidleg morgon. Etter natta. Eg kjenner. Eg er. I dag òg.

(rbsept2011)

2 kommentarer:

  1. Og da når en kjenner at en er, idag også, så er det godt! Meget bra nedtegna!

    Marja T.

    SvarSlett
  2. Takk for kommentar Marja. Ja, stundom kan det vera godt, stundom eit vonbrot, at ein er.

    SvarSlett