tirsdag 17. januar 2012

Når noko hender

Noko hende idag. Med meg. Det hende noko med meg idag. Noko som uroa meg. Eg vart uroa. Inne i meg. I dag. Det var noko. Enno veit eg ikkje kva det var. Dette noko. Er ikkje slik alltid. At noko hender ein. Ofte hender det ikkje noko i det heile. Og tida. Ho berre går. Utan at noko hender ein. Men, idag, då hende det, dette noko, som uroa eitkvart inni meg, eitkvart djupt inne i meg,mogeleg det var inst i meg, dette noko uroa. Ei uro, inst inne i meg. Er ikkje vanleg det. At slikt hender ein vanleg dag. Det plar vera uvanlege dagar det. At noko hender som uroar inst inne i ein. Men, noko hende i dag. Inne i meg.Tida stoggar stundom,lik tankane gjer, lik ljoden gjer, ljoset, skuggane,lik ekornet gjer, halvveges oppe i treet, som for å lyda, sansa, om det er noko fare høgare oppe, eller nede på bakken, slik stogga tida, når dette noko hende, dette som uroa meg idag,inst inne. Og tida går.


(rb)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar