tirsdag 17. januar 2012

Om det å sitja og tenkja

Det er når eg sit slik eg sit no at eg tenkjer, ja ein kan då gjera andre ting når ein sit, ein kan sitja og sjå til dømes, men når eg sit slik eg gjer no, på ein stabbestein attmed vegen, då sit eg og tenkjer, ja eg ser òg sjølvsagt, men ikkje på noko særskild, stirar liksom ut i tome lufta, eller, ho er ikkje tom denne lufta, ho er full av alt mogeleg, slike kryp som fyk til dømes, både med og utan fjær på seg, men dei fyk no rundt der utan at eg ser på dei, eg ser dei, men ikkje på dei når eg sit slik og ser når eg tenkjer ,her på ein stabbestein attmed vegen. Grusveg. Gamal. Vegen altså, er gamal, ja eg er no gamal òg då, men vegen er eldre enn meg, ja endå eldre enn det òg, han er eldre enn han før meg òg denne vegen, endåtil eldre enn han før han att òg, men han før han som var før meg, han hugsa at vegen var ny han, for far hans var med og bygde denne vegen, men han hugsar ikkje det no då, for han er daud no, men vegen hugsar. Vegen. Hugsar. Alt. Grusvegar plar det, å hugsa, dei hugsar mykje betre enn dei nye vegane, ikkje det at dei nye ikkje hugsar, men dei hugsar ikkje så langt tilbake, for dei er mykje yngre enn dei gamle vegane, dei vegane av grus, no er det no slik at nokre av desse gamle grusvegane har fått asfalt oppå seg, slik tung svart hinne som gjer dei sterkare enn dei var før, då dei hadde berre grus oppå seg, slik grus fekk dei som regel etter vårløysinga, for då hadde snø og is fare ilt med dei, desse vegane av grus, ja vatnet òg for ilt med dei, men is vert då til vatn, ja no vert då vatn til is og då, men det er oftast om vinteren då, men det hender rett som det er att vatn vert til is om våren òg, om det er ein sein vår då, og omvendt òg kan det henda, at is vert til vatn om vinteren , for her , på desse kantar er det ofte milde vintrar, ja det hender til og med at vatn vert til is som vert til vatn som vert til is, fleire gonger, akkurat som det kan vera heilt omvendt om våren, at is vert til vatn som vert til is som vert til vatn på desse kantar om våren. Men no lyt eg gå heim og eta.



(rb)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar