søndag 22. januar 2012

Siste ord

Omgjeven av rom. Hardt rom. Harde veggar, tak og golv

av armering og betong.

Fanga i eit ekko av tankar.

Faen!


Alltid siste ord.

Ekko frå eigne tankar, frå han før meg

og han før han att.

Frå dei etter meg sine tankar.


Lyt ut! Ut frå ekkoet,

ut frå meg sjølv

Vil ropa først!

-Først, først, først, ropar ekkoet!


Hysj! Stille!

Berre tenkja.

-Tenkja, tenkja, tenkja, tenkjer ekkoet.


Alltid

siste ord, siste tanke, siste pust, siste hjarteslag, siste alt!

Ekkoet er fanga i meg som

er fanga i ekkoet.


Lyt ut. Lyt bort.

Eg er eit ekko;

siste ord, siste tanke,

siste pust,

siste hjarteslag.


Siste alt

er eg


utan ekko.




(rjh.juni 2011)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar