tirsdag 17. januar 2012

Resurgam!

Glinsande,
våt og svart strekkjer han
seg i svingar bortetter
duvande, grøne bølgjer. Ser han. Lyt følgja.
Fort. Krappe svingar.
Lyt følgja,
lyt, lyt.
Ensar ikkje. Berre ser.
Stadfestar.
At det går for fort.
Altfor.

Eit hologram av ein lekam
surra rundt ei brennmerkt og sundrive sjel
fyk mot kvasse bergeggar.
Akkompagnert av tause rop
som krev korkje svar eller ekko;

- Resurgam! Resurgam!

I ein augneblink opnar ho seg;

Ei sanning. Dette eine. Dette eg.
Ut frå det skal alt dømast. Sjølv sanninga
skal dømast
av dette eine
som er.

Eit Eg ?


Dette eine. Og tida er. Var. Blir.
Alltid.

Fargar. Tonar. Ord.
Bit ikkje på

Arket.



(rb 2011)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar