fredag 20. januar 2012

Underleg kveld


*

Er slik ein underleg kveld i kveld.

Litt stillare på vatnet og

andeparet sym litt rolegare, dyppar nebba sine

med litt mjukare rørsler.

Grønsisiken syng kveldssongen sin litt mindre hissig.

Borte i Kalvehagane let svarttrosta litt sårare.

Vindstilla er endå litt stillare.

Er slik ein underleg kveld i kveld,

for hjarta mitt slår litt rolegare.


*

(rjh mai 2011)

2 kommentarer:

  1. Svar
    1. Takk for det. Dei kan vera nett slik, nydelege, desse underlege kveldane.

      Slett