Vonar å vakna opp att
som rekved.
Kanskje verta nytta som
ein seglbåt i fjæra,
av ivrige gutehender ein varm sumardag.
Eller hengd opp saman med anna
materiale frå fjerne hav
i ein fargesprakande
kollasj i ein kunstnarheim.
Eller berre nytta som ved
på eit lite bål mellom fjæresteinane
der det unge paret varmar seg og knisar
i løynd ein stad i sumarnatta.
*
(rjh-14.juni.2011)
fint!
SvarSlettTakk!
Slett