mandag 23. januar 2012

Vindlause bårer

Vindlause bårer

sukkar inn over stranda

Dei ber bod frå restar av

stormar der ute i endeløysa

som er svart

som er blå

som er lilla

som er rosa


Dei kjælar og kviskrar

med dulde motiv

mot gråkvite, runde

steinar og sand

mot steinar og sand


og mot den gamle

på kne der i sanden

Einsam og naken

strekkjer han hender

mot blårosa himlar der oppe

Hender fylte

med steinar og sand

med steinar og sand


Djupe far etter føter

ligg framom den gamle

Spor han lyt setja når går

mot lysande blåkvite måsen

som speidar frå steinen

lengst borte og skrik

mot eit lerret

farga i svart

som er blått

som er lilla

som er rosa


Vindlause bårer kviskrar og lokkar

Dei mel den gamle og nakne kjærleg

til mjuke, gråkvite, runde

steinar og sand

til steinar og sand


Lysande, lydlause, blåkvite venger

vert slukte av sugande lerret


Berre djupe far

etter føter står att


meisla i stein

og

pressa i sand


(© rjh 2010)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar