tirsdag 17. januar 2012

Somme tider lyt ein svaia

Eitt steg. Så eitt til. Så stoggar dei. Undrande og rådville står dei der. Jamsides. Det er som dei ikkje vil gå meir. Føtene. Ingen av dei vil ta neste steg. Dei står stille. Så stille at tida òg har stogga. Føtene sansar dette. At tida står når dei står. At tida går når dei går. Dei veit at kvart steg vil føra dei nærare. Noko. Der framme ein stad. Sakte byrjar føtene å veksla om å ha tyngda på seg. Først eine foten, så andre. Kroppen hans byrjar svaia sakte frå side til side. Han står der. Svaiar. Saman med tida svaiar han frå side til side. Augo hans er attlatne no. Han kjenner eit varleg strok frå ein bris i andletet sitt. Han svaiar i vinden. Han svaiar i tida. Han er no. I vinden, i tida.

Han er stor no. Større enn nokon gong. Men før. Den gongen han var berre seg sjølv. Den gongen han var liten. Bak attlatne augo sansar han bileta. Frå den gongen. Utan tid, utan vind i seg. Den gongen kunne han leika med dei, tida og vinden. Dei var venene hans. Han laga seglbåtar som sigla så fint og lett på vatnet. Han laga drakar som flaug og fauk i vinden. Han såg fram mot det som skulle koma. Mot sommarferie. Mot sol. Mot gras og blomar. Mot fuglar. Mot henne. Ho som kom kvar sommar. Som kom med sommar . Som var sommar. Ho var sol, gras og blomar. Ho var vinden. Sommarvinden. Den varme og vene brisen som leika med han.

Frå side til side svaiar han. Medan bileta kjem bak attlatne augo. Vinter. Før jul. Då tida gjekk så uendeleg seint. Dagane snigla seg av garde. Tre dagar før julaftan spente bestefar hesten framom sleden. Då skulle dei til skogs. Finna juletre. Det var noko av det finaste han visste. Skog. Hest. Slede. Bål. Juletre. Bestefar. Det var alltid vindstille den dagen i skogen. Djup, mjuk snø. Hesten som åt tørrhøy frå ein sekk medan bestefar og han tende bål. Dei kunne sitja der lenge framføre bålet. Eta appelsinar og drikka varm sjokolade. Utan eit ord. Berre lyden av knitrande bål og hesten som gomla trygt nedi sekken. Då var tida god. Ein snill og god ven.

Det er stille no. Heilt stille. Tida står. Vinden har tagna. Dei står der jamsides. Han veit at neste steg snart lyt koma. Han veit ikkje kva fot som tek første steget. Steget fram. Mot noko. Mot det som ventar der framme. Kvart steg vil føra han nærare. Tida vil byrja gå. Noko i han vil gå. Gå mot det der framme. Mot det ukjende og kjende på same tid. Han veit ikkje kvar ferda går. Han veit kvar ho endar. Veit at tida er venen hans. Noko i han vil stå. Berre det. Stå der og svaia. Svaia og vera. Svaia med tida. Vera i vinden. Med attlatne augo og minnast. Der framme vil tida stogga ein stad. Føtene vil stogga. Han vil stogga. Kanskje vil han kunna svaia der framme òg. Det veit berre tida og vinden.

Brått tek dei eitt steg. Så eitt til.

(rb2011)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar