onsdag 25. januar 2012

Fjella kjem nærare no


Fjella kjem nærare no.

No, når han bles.

Sansar fleire tusen år gamal ange frå breane i aust.

Denne blåkvite angen. Angen frå før. Frå då eg òg var.

Angen kjem med vinden frå aust.

Han skyt seg gjennom eit lite lag av ny,mjuk snjo,

angen, og opp i vinden, i austavinden,

fèr nedetter mjuke, bratte bjørkelier

og utover Jølstravatnet.

Eg ser han, angen, på raske bølgjer,

kan høyra han òg, han ropar barnleg

i kvite bølgjertoppar over nyvunnen fridom,

mot nett her, mot nett meg, mot nett mi nase fèr han.


Fjella, dei som var, er, og alltid vil vera,

slik eg òg var,

kjem nærare no,

når han bles slik, frå aust.


(rjh.jan.2012)

4 kommentarer:

  1. kor utruleg vakkert!!!

    SvarSlett
  2. Tusen takk. Vakkert...er no berre ord, der eg freistar skriva det verkeleg vakre, det som eigentleg er uskriveleg!

    SvarSlett