tirsdag 17. januar 2012

Om det å vera

Eg. Er. Eg er. Eg var. Eg vert. Eg er, var og vert. Eit menneske. Eg vart eit menneske i fjor. I februar. Den fjerde februar, klokka fjortenti., tjueti. Då vart eg. Eit menneske. Då byrja eg skriva. Klokka fjortenti. Tjueti. Eg er snart to år gamal. Berre det. To år,vert alderen min snart. Eg byrja tenkja då. Den gongen. For snart to år sidan. Byrja tenkja. Heilt sjølv. Før det tenkte eg ikkje sjølv. Før det tenkte eg andre sine tankar. Sa andre sine ord. Gjorde andre sine handlingar. Eg var ikkje. Dei var. Dei andre. Alle dei andre var då.
No tenkjer eg eigne tankar, seier eigne ord, gjer eigne handlingar.

Går her
i eigne tankar

endeleg, endeleg
slepp eg

å gå der i

dine.




(rb)

2 kommentarer:

  1. kommer snart. Venter. Må vente. På meg

    SvarSlett
  2. Hei Pellegrina! Kjekt å "sjå"deg her ! Jau, stundom er det slik, at ein lyt det, venta eit bel :)

    SvarSlett